Forfattarbesøk av Cecilie Enger
Informasjon
Cecilie Enger snakkar om boka si Det hvite kartet. Det er ein historisk roman om «mannedamene» Bertha Torgersen og Hanna Brummenæs, som levde på Karmøy på slutten av 1800-talet. Ikledd herrefrakk og hatt brøyta dei seg veg inn i mannsdominerte stillingar, heldt kjærleiken til kvarandre skjult, og foretok ei uvanleg klassereise. I kjølvatnet av livsvala sine opplevde dei også elende.
Anne Cathrine Straume, NRK: Det hvite kartet er en roman om å våge å velge sin egen vei. Det er fortellingen om to kvinner som gikk i bresjen for å gjøre kartet mer fargerikt.»
Arrangementet er støtta av Fritt ord. Gratis.