page view image

Foredrag ved Edvard Hoem: Bror din på prærien

Informasjon
event image

Edvard Hoem snakkar om dei fire utvandrarromanane Slåttekar i himmelen, Bror din på prærien, Land ingen har sett og Liv andre har levd. Det er i år 200 år sidan det første utvandrarskipet forlet Stavanger. 

Ca. 800 000 norske menn, kvinner og barn forlet landet frå då av og fram til 1930. Det er ein god del meir enn halvparten av den totale befolkninga. 

Edvard Hoem fokuserer på historia til Eilert Knudtson (1876-1959), grandonkelen hans som forlet Norge då han var 16 år gammal, først for å slå seg ned i Midtvesten, sidan for å bli farmar i Canada. Edvard Hoem reflekterer over kva som er igjen av det norske Amerika etter 200 år.


Arrangert i samband med 200-årsjubileet for utvandring frå Noreg til Nord-Amerika.


Støtta av Fritt ord.


Foto: Paal Audestad