Forfattarbesøk Andreas Håheim - 75 bad og litt til
Informasjon
Forfattar, sexolog, universitetslektor og badeentusiast, Andreas Håheim, er oppvaksen på Jørpeland og har mange timar i vatnet både i fjellvatn, tjern og elver i Rogaland. Han les frå boka «75 bad og litt til», viser bilete og fortel om arbeidet med boka. Håheim utforskar korleis bading i naturen kan fremja folkehelse, naturopplevingar og fellesskap.
Kvart bad er knytt til ein konkret stad, men også til små forteljingar, minne og refleksjonar rundt kropp, livsfasar og det å finna ro i ein ofte travel kvardag.