© TicketCo AS 2026.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
"Es geht alles vorüber, es geht alles vorbei, nach jedem December kommt wieder ein Mai”.
...det er mor mi som syng. Stemma er skrukkete og skjør av kols og alder. Ho sit i rullestol med eit glass vin i handa. Ho har ei gulaktig storskjorte med grå blomar på seg. Rommet er lyst og scenen er lett, nesten euforisk. Det tynne, florlette grå håret vert klemt inntil hovudet av slangane som fører oksygen inn i nasen.
Eg festa ein augneblink til minnebrikka der ho såg innover i si eiga historie. Ein augneblink der ho var tilbake som sjukesyster ved tyske krigslasarettar. Kanskje ein sjeldan augneblink av ro. Det får me aldri vita. Ho fortalde aldri om sine opplevingar som frivillig i tysk Raude Kors si teneste. Ho kom tilbake til eit Noreg i fredsrus. Men oppgjeret sin time venta utan nåde.
Kanskje det var humoren som gjorde det mogleg å halde ut? Og uthald. Uthald overvinn alle vanskar - var mor sitt valspråk.
I samarbeid med Klepp bibliotek, Time bibliotek, Hå mållag, Hå historielag, Militærhistorisk forening Rogaland, Hå kulturtorg, med støtte frå Rogaland fylkeskommune.