page view image

Astrid Topdal: Tysklandbrigaden

Informasjon
event image

I søken etter historia til morfar min, John Sæland som gjorde teneste i Tyskland i 1949, har eg samla historiar om unge menn frå Hå.

Gjennom samtalar med tidsvitne, brev, dokument og fotografi deler eg kvifor dei vart sende til Tyskland etter krigen, kva oppdraget var, og korleis den kalde krigen endra tenesta.

Det blir eit føredrag med humor og alvor- om blant anna reisa, vakthald, øvingar, sakn, kameratskap, garpastrekar ,permisjonar og gleda ved å koma heim.

Berre få år etter at Norge var frigjort frå tysk okkupasjon , vart unge menn fra Hå sende til Tyskland som ein del av førstegongstenesta.

Mange var berre 19-21 år gamle. Der møtte dei eit land prega av ruinar, fattigdom og store flyktningstraumar.

I dette føredraget fortel eg kvifor dei vart sende, kva oppdraget gjekk ut på, og korleis tenesta etter kvart vart påvirka av den kalde krigen.


I samarbeid med Klepp bibliotek, Time bibliotek, Hå mållag, Hå historielag, Militærhistorisk forening Rogaland, Hå kulturtorg, med støtte frå Rogaland fylkeskommune.