«Erling Braut Haaland frå liten til størst»

page view image
Event date

Saturday 16 Nov 2024 12:00

Ends Saturday 16 Nov 2024 13:00
Calendar entry will adapt to your local time zone
order
Event has no tickets and is free
event image

Event information

«Erling Braut Haaland frå liten til størst» handlar om fotballstjerna sin fotballoppvekst på Bryne. Han vaks opp i eit heilt spesielt lag, med ein spesiell trenar som brydde seg like mykje om alle, uansett kor gode dei var. Kva var det så som gjorde Erling så god? Korleis trente han? Korleis tenkte han? Forfattaren bak boka, Ørjan Zazzera Johansen, fortel om Haaland og les utdrag frå boka. Også Ørjan er frå Bryne. Han har spelt på dei same banane, skifta i dei same garderobane og hatt den same trenaren. Han har gått på dei same skulane og ete den same kebaben. «Frå liten til størst» er hans femte bok om fotball, den tredje om Haaland.

Organizer
Hå bibliotek