page view image

Forfattarbesøk: Kristi Furubotn – "Glassmaneter"

Information
event image

Alva får beskjed om at ho har livmorhalskreft, at ho må opererast, men at alt skal gå bra.

Alva er skrekkslagen; spesialsjukepleiaren i anestesi og operasjon veit mykje om forløpet.

Altfor mykje. Det kan jo oppstå langvarige smertetilstandar, lymefødem og postoperative infeksjonar etter inngrepet.

 

Og kva med legane og sjukepleiarane ho møter: Har dei ein god dag? Ingen kranglar på heimebane? Har dei sove godt?

Verkar dei litt utbrente?

 

Me kan ikkje stola heilt på dømmekrafta hennar.

 

Eg og Alva har same bakgrunn. Me er begge spesialsjukepleiarar.

Eg har arbeidd i over 40 år ved operasjons- og anestesiavdeling på SUS. Dei siste åra på smerteklinikken.

 

“Glassmaneter” er mi femte bok.

 

Tarald Aano skriv i anmeldelsen i Stavanger Aftenblad:

«En vakker liten roman om svære ting og vanlige liv».

Det er humoristiske undertonar i teksten. Boka er lett og lys og gir rom for ettertanke.